Dersom du jhar lagt merke til grønkledde menn i Toåa dei siste dagane, så er det Sweko som har drevet med ungfiskundersøking, gytefiskteljing, samt oppmåling av den anadrome strekninga i Toåa.
Noko av arbeidet er utført denne veka, men det vil bli fleire omgangar i ein månads tid framover, fortel Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag.
Elveeigarlaget har også drive med stamfiske i eigen regi. Seinast sist laurdag var det ein aksjon, både med fiskestong og håv. Til saman er det no fanga 12 laksar som er til gentesting, og leiar i stamfiskutvalet Ola Bruset håpar at laksane som er fanga er laks med «ekte todalsgener». Dei siste åra har det vore mykje oppdrettsgener i laksane som har vore fanga. Dersom det er slik i år og, så blir detfleire rundar med stamfiske.