Nordvik grendalag har planane klare for våraktivitetane. Dei startar med å rydde etter vinteren, og arrangerer vårdugnad onsdag 8. mai kl 18.30. Det skjer på Øygarden, leikeplassen og inne i forsamlingshuset. Der blir du oppfordra til å ta med høveleg redskap eller vaskebøtte. Vidare arrangerer laget befaring til setra for å finne plass til ny høyløe og for å finne trase til ny tursti. Det skjer torsdag 23. mai, med start kl 18.30
Pinseaften blir det tradisjonell feiring ved Røe-Sletneset, der det blir felles bålbrenning og mulegheit for grilling laurdag 18. mai kl 19.00. St. Hans skal dei også feire ved Røe-Sletneset. Her blir det midtsommarfeiring med bålbrenning og grilling, med sal av grillmat og kaffe i grendalagets regi. Det skjer søndag 23. juni, med start kl 19.00