Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktiv sommar i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. juni 2025

Komande onsdag, den 2. juli og neste onsdag, den 9. jule er det dobbel omvisning i Svinviks arboret. Da blir det omvisning både klokka 12:00 og klokka 18:00. Klokka 12:00 er det ordinær omvisning med arboretet si historie, oppbygning og innhald. Den går som vandring gjennom anlegget sine hovuddeler og tek rundt ein times. Oppmøte nedanfor kaféområdet og er gratis for alle som har betalt inngangsbillett.

Klokken 18:00 dei same dagane blir det ei annleis hagevandring for dei spesielt planteinteresserte. Det blir årets særeste omvisningar der ein er innom alt frå levande fossiler til verdas høgste treslag!

Ein går innom tre med røter attende til dinosaurane si tid, og tempeltre-slekta som overlevde bombingane i Hiroshima. Ein ser på kva som er verdens høgaste gras og stoppar både ved urtidstreet og «apenes skrekk». Undervegs vil det dukke opp mange sjeldsyntheiter som fortener ei forteljing. Denne vandringa set søkelyset på dei uvanlege plantene våre, som kanskje ikkje imponerer med fargesterke blomster, men meir med sine fantastiske eigenskapar, særpreg eller si historie.

 

Levande fosilar. Foto: Svinviks arboret

Det er viktig å merke seg at noko av desse vandringane vil gå utenfor etablerte stigar og i noko ulendt terreng. Ein rekner med ein god times vandring på desse vandringane. Påmelding på epost svinviks.arboret@nordmorsmusea.no, seinast klokka 12:00 same dag som vandring er. Omvisninga kostar kroner 110.- og inkluderer da inngangsbillett til heile arboretet. Det blir mogleg for å kjøpe seg kaffe og enkel serverin i timen før omvisninga.

Arboretet minner om at arboretet har open sommerkafé kvar onsdag til søndag frå klokka 11:00 – 16:00. Sommerkafeen er open fram til 3. august. I juli er det også mogleg å få helse på Boergeitene frå Lia Gard. Dei hjelper arboretet ved å beite på åkeren over kaféområdet. For dei som vil utfordre eigne kunnskapar om planter og natur, har arboretet plantequiz, og er ei spørsmålsløype ein kan gå på ega hand. Kart og postar er tilgjengelege for arboretet sine besøkande.

Svinviks arboret ønske alle velkommen!

Publisert: 30. juni 2025, 18:18