Ei prosjektgruppe i kommunen har i lengre tid arbeidd for å få i gang ei helseteneste som heiter «Aktiv i eigen kvardag». Fredag 27.februar var det klart for «kick off» og informasjonsmøte for helsepersonell Surnadal kommune. Prosjektgruppa er tverrfagleg og arbeider med kvardagsrehabilitering. Det er ein metode der ein arbeider for ein mest mogleg sjølvstendig og aktiv livsstil uansett alder.
Trine Eggan er leiar i prosjektgruppa. Ho er rehabiliteringskonsulent i kommunen, og ho er utdanna fysioterapeut. Dei andre i gruppa er :
Ergoterapeut Arnhild Sæter.
Frå heimetenesta: Ann Helen Gjerdevik, Wenche Fjeldset og Liv Grete Stenberg.
Frå rehabiliteringsavdelinga i kommunen: Ingvild Kårvatn
Målet for kvardagsrehabilitering er at vi skal få hjelp til å ta vare på oss sjølve lenger! Gruppa har arbeidd ut ei rykande fersk brosjyre med informasjon om tilbod og opplegg.
Kvardagsrehabilitering handlar om :
Tidsavgrensa plan for eit treningsopplegg i heimen din eller i nærmiljøet ditt.
Tek utgangspunkt i kva som er viktig for deg.
Målet er å auke evnene dine til å meistre aktivitetar i kvardagen din.
Tverrfagleg oppfølging av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og hjelpepleiar.Målgruppe er alle som søker om heimeteneste. For å kunne vere aktiv og bu heime handlar det om praktisk tilrettelegging og fysisk aktivitet. Det er viktig å trene balanse og styrke – musklane treng stimulans! Enkle ting som å gå trappa sjølv, hente posten, gå ein liten tur ute er viktige for helsa.
Eit ledd i arbeidet til prosjektgruppa er at dei i løpet av hausten vil gjennomføre heimebesøk til dei i kommunen som fyller 75 år i 2015 .
Professor i samfunnsmedisin Anders Grimsmo heldt eit interessant innlegg om: «Helhetlig pasientforløp i et rehabiliteringsperspektiv.»
Han delte livet i fire periodar: Oppvekst, arbeidsliv, sprek pensjonist og alderdom. Gruppe tre er ei ny og stor gruppe! Men spørsmålet er korleis vi kan få ein god alderdom?
Dei aller fleste av oss vil få behov for hjelp.
Eit viktig spørsmål er:
Kva bidreg helsetenesta til? År til livet – eller liv til åra? Får vi hjelp til livslengde eller livskvalitet? Det er ønskeleg at helsetenesta kan bidra til livskvalitet! Det kan skje ved rehabilitering!
Ei dansk studie viser at effekten av rehabilitering for eldre med nedsett funksjonsevne, er:
– Blir buande lenger heime
– Mindre behov for institusjonsplassar
– Færre blir innlagde på sjukehus
– Auka bevegelsesevne og mindre ustø
– Reduserte kommunale utgifter
Kva verkar:
– Progressiv styrketrening
– Funksjons- og ferdighetstrening
– Tverrfagleg tilnærming og innsats med samansette tiltak.
I Danmark er rehabilitering ei lovpålagt teneste.
Mange eldre har fleire ulike sjukdomar. Det er da svært viktig å sjå og behandle heile mennesket, og ha eit helsevesen der sjukehus, fastlege, heimesjukepleie og rehabliteringstenesta samhandlar i eit tverrfagleg team. Utgangspunktet må vere dette spørsmålet til brukaren: Kva er viktig for deg?
Til slutt orienterte Annett Ranes om velferdsteknologi. Det er eit spennande og framtidsretta felt!
Døme på velferdsteknologi er:
– Tryggheits- og sikkerheitsalarmar
– Kompensasjons- og velværeteknologi, som til dømes styring av lys og varme
– Teknologi for sosial kontakt som t.d. skype
– Teknologi for behandling og pleie, som t.d. måling av blodtrykk, kols.
Konklusjonen blir at om vi ønsker å arbeide for god livskvalitet livet ut, må vi vere aktive og ha som motto:
«Eg trenar ikkje for å halde meg ung, men for å bli gammal!»