I dag slo Kløverturgjengen til med «plogging»! Dei trimma og plukka søppel i strandområdet rundt Småbåthamna og litt utover Stranda. «I dag slo vi minst «tre fluger i ein smekk»: vi trimma, plukka søppel og hadde det kjekt i lag!» – slik oppsummerte dei ryddeøkta.
«Å plogga» er eit nyord frå Sverige: å plogga = jogga+plocka, altså jogge og plukke søppel. Dette er ein trend som har spreidd seg utover heile verda, på nettet kan ein lese om «plogging » både på New Zealand, i Australia, i Amerika, – og no altså i Todalen! Vi kan vel ikkje seie at Kløverturgjengen direkte jogga, men dei gjekk mange skritt og plukka mange sekkar med søppel! Sanitetskvinnene er «nytenkjande» og kan greitt ta ein Kløvertur med ny vri!
Hald Midt-Norge reint!
No er det altså «strandryddeveke» – ein del av aksjonen «Hald Midt-Norge reint». Og det er nok enno mykje søppel å plukke både langs sjøen og kanskje langs elva, så andre lag, grupper eller organisasjonar kan gjerne følge opp dagens aksjon og ta ein runde med strandrydding eller søppelplukking. Da det var flo sjø under strandryddinga i dag, så er det nok meir søppel å finne i nærområdet til Småbåthmana også.
Laurdag 5. mai er årets strandryddedag!