Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aksjonerte – tomt for egg i mange butikkar

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2014

Brotet i forhandlingane mellom Staten og bøndene har ført aksjonar med blokkering av eggpakkeri, samt sakte kolonnekjøring med traktor i morgontimane torsdag. Dette har ført til at mange butikkar har gått tom for egg i løpet av dagen, slik Matkroken L. Hals har gjort. Der er egghylla tom, og det kjem ikkje inn egg til butikken før aksjonen er avblåst, og tidlegast tysdag, fortel handelsmann Nordvik. På Skei var det i dag aksjon for å påvirke dei valgte kommunestyremedlemane når dei kom til kommunestyremøte i dag tidleg. Dei fekk ein pose såkorn, og beskjed å dyrke sig eigen mat.

Bondelaget_aksjon_0088

Todalingar som deltok i aksjonen ved kommunehuset på skei i dag tidleg. Frå venstre Olaug Kvendset, Anders A. Karlsen, Ståle Ansnes, Ola Kvendset og Sidsel H. Ramsøy. Foto: Todalen Bondelag

 

Det er ikkje ukjent at det brukes slike aksjonar for å sette fokus på saker, sjølv om det er tredjepart det går ut over. Det er kanskje greit at det blir sett fokus på matproduksjon, kvar den foregår, også kva framtid bygde-Noreg har med tanke på arbeidsplassar både i og utafor jordbruket.

 

Publisert: 15. mai 2014, 19:14