Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 31.oktober blir det landsomfattande aksjonsdag for lokal handel på Matkroken. «Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar. Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.
– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur. 250 butikkar over heile Norge deltar i kampanjen for lokal handel. Aksjonen har fått støtte frå Norges Bygdekvinnelag, som også er opptatt av levande bygdesamfunn.
Kaffe og blautkake til alle på laurdag
Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, vil få utdelt ein flyer med takk for at dei har handla i sitt eige lokalsamfunn. Dei vil også få ein invitasjon til aksjonsdagen. Laurdag vil Matkroken i Todalen sette opp ein stand med servering av gratis kaffe og blautkake kundane, fortel handelsmann Terje Nordvik til Todalen.no. På denne måten ønsker vi å sette pris på kundane sine, og vi har bestillt 2 store blautkaker til laurdag og håpar at det skal rekke så alle får ein smak til kaffen.
– Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde oppe levande lokalsamfunn. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur som fortel at han har ei lang argumentliste for å handle lokalt.