Todalen Oppvekstsenter fekk overraskande besøk av politiet på torsdag i høve Aksjon skuleveg! Dei ville informere om sykkelreglar og trafikkreglar no ved skulestart -da det er mange små på vegane. Ungane svara velvillig, hadde kunnskapen i orden og kom med mange spørsmål.
Det var selvfølgeleg kjekt å få sjå inne i politibilen og alt utstyret dei har der. Og høyre om oppgåvene til politiet. Det var fleire av elevane som ville bli politi når dei blir stor!
Under er ei rekkje bilder frå besøket. Alle foto Torill Gjeldnes.