Tysdag 27. september klokka 19:00 kjem humorgruppa Kevli Rånes Bremseth til Surnadal kulturhus. Humorgruppa kan i 2022 feire at det har gått ti år siden dei hadde premiere på sitt første show. Sidan den gong har dei produsert og framført fem humormusikalske show som dei har reist rundt med i store deler av landet. No er dei igjen på vegen, denne gong med den etterlengta jubileumsforestillinga «Artighet varer lengst».
Sjølv om både Lein og Brein ligg litt utanfor allfarvef, så har vindmøllediskusjonen nådd bygdene. Det same har falske nyheiter, lokalmatproduksjon og turistsatsing. Som plakatbiletet tyder på, så ligg det an til enda meir nabokrangel, vanvittige investeringar, nye og gamle humorfigurar og spesialskriven musikk med trøkk i. Litt nostalgi blir det også plass til gjennom melodiar og bilete.
Kveli Rånes Bremseth sitt humorunivers er kjent og kjært for mange, både gjennom sine sceneshow, men også gjennom strøymekanalar og deira samarbeid med Trønder-TV. I
jubileumsåret trykker dei på alle knappar for å nå ut til eit enda større publikum. Har du ikke opplevd dei i levende live? No har du sjansen!