Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Æ elske å arbeide med blomster

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. desember 2020

Ida Bochkon er blomsterdekoratør på Hageland Surnadal, og jobbar mykje med snittblomster/bukettar og sorgbinderi i ein eigen «verkstad» inne i butikken.  Ho har godt lag med blomster, og det skal da berre mangle, for ho har fagbrev som blomstedekoratør.  Det går leikande lett å sette sammen ein flott bukett med fargerike blomster som praktisk talt lyser opp i den mørke årstida vi no er inne i.  

Ida Bochkon har fagbrev i blomsterdekorasjon og er med god grunn stolt av det. Foto: Jon Olav Ørsal

Ida sier at ho stortrives med å jobbe med blomster.  På veggen bak Ida heng det synlege beviset på at ho kan sitt fag  – fagbrevet som blomsterdekoratør.  Ida har grunn til å være stolt av fagbrevet sitt, og det bekreftar ho da også.  – Ja, eg er veldig stolt av fagbrevet mitt. Det ligg det mykje arbeid attafor.  Først var det eit år med grunnkurs på vidaregåande skule i Selbu og så VK1 på Skjetlein  og så etter 2 år som lærling hos Bybroen blomster i Trondheim fikk eg fagbrevet i 2004. 

Etter det har eg jobba med blomster og stortrives med det.  – Det er så artig å få lov til å være kreativ med blomster, og så treffer du mykje trivleg folk som sett pris på det eg lagar.  Eg kom hit til Hageland Surnadal da hagesenteret opna her på Syltøran våren 2013. No i desember får vi det nok ekstra travelt – spesielt i innpurten fram mot jul.  -Mitt gode tips er at dersom du er ute etter noko spesielt i bukettar eller sammenplantingar så lønner det seg å bestille i god tid slik at du får leveransen til rett tid.  Vi satsar på at vi skal køyre bistå med utkøyring av blomster i år, da er det spesielt viktig at du bestiller i tide. 

No er vi inne i eit heilt spesielt år, og selger meir blomster enn nokon gong.  Ida tykkjer at vi i dette «koronaåret» skal legge ekstra vekt på å pynte rundt oss med både blomster og lys, og ho meiner at vi kan starte ekstra tidleg i år for å skape trivsel både for oss sjølve og for andre.  Sjølv har ho starta ekstra tidleg og mot jul blir det nok meir og meir pynt etter kvart. 

(Talgø/Hageland Surnadal er medlem i Todalen.no)

Ida Bochkon hos Hageland tilbyr eit stort utval av sammenplantingar i butikken no før jul. Foto: Jon Olav Ørsal

Hageland Surnadal – Nordmøres største julehus som det står i reklamen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 9. desember 2020, 16:54