Jammen var det eit par ullestar som var gevinsten under luke nr 3 i Adventlotteriet. Vinnar denne gongen dro vi kjapt kjensel på, da det stod Skogly på vinnarlodden, og da blir det nok størrelsen som kjem til å avgjera om det blir underteikna eller om det blir Berit som blir den heldige brukar.
Det er i allfall Jenny på 101 år som har strikka, og det ser ikkje ut til å være ei einaste maske som er strikka feil. Egentleg er det kanskje rart ho har tid til å strikke lestar til utlodding, for ho har over 60 etterkommarar som skal ha julegåver frå bestemor, oldemor og tippoldemor. Du verden vi vart glade på denne gevinsten!