Jammen går det fort unna, vi er alt komne til den 12. desember og vi er halvveis inne i adventstida. Bak luke nr 12 fann vi også 2 gevinstar, og jammen var det eit ekte Todalsprodukt . Et glas med todalshonning har fått Lauvås som vinnar i dag. Gevinst nummer 2 er også kortreist, ei viltpølse av beste sort….
Vi veit ikkje om viltpølsa er laga av elg eller hjort, men vi borgar for at ho er velsmakande! Vinnar av viltpølsa er Maria Bergli på Sandstad.