I dag er det finale og siste trekning i Adventlotteriet som Todalen ILs trimgruppe har arrangert. Det har vore ein suksess både økonomisk og samtidig mange flotte og kortreiste gevinstar som har gjeve mange og glade vinnarar. På finaledagen står vi att med 4 gevinstar. Den første gevinsten er eit måleri som er signert Sissel Halset Storslett – det vart vunne av Pestua. Det andre maleriet som går i dag, er signert Elisabet Aas, og vart vunne av Vesleanna Talgø.
Dagens tredje gevinst var 10 sekker med tørr bjørkved – vinnar vart Anita Talgø
Og siste gevinst i årets adventlotteri er eit kafebesøk i Svinviks arboret med traktering inkludert. Vinnar vart Ted Sandmo i Brusetmarka.