Ny trekning og nye gevinstar er klare for å spre glede rundt om kring til alla kjøparar av adventlodd i bygd og by. I dag er det også 3 gevinstar som er trekt ut – den første gevinsten er eit innrama bilete med solnedgang uti «fysnå» – utsikt frå området ved Talgøsetra. Den heldig vinnar vart Peder Klingen Talgø som bur i Trondheim, men som har bestemor i Andersstua som kanskje er loddkjøpar? Den andre gevinsten er ein bunt med heimbaka flatbrød som er klar for å bli tilbehør til julemiddagen…….

Dagens andre gevinst var ein bunt med heimbaka flatbrød som altså hamna i Øyagrenda hos Ragnhil A. Moe på Kvernhaugen. Foto TIL trim
Den heldige vinnaren av gevinst nr 2 med heimbaka flatbrød er Ragnhild Ansnes Moe, på Kvernhaugen i Øyagrenda.
Den tredje gevinsten er ein boks med heimbaka kjeks – godt til kaffen både før jul og i romjula – den heldige vinnaren er Rita Storslett, som er godt kjent på Todalsøra/Ytterbaugen.