I dag startar vi på siste veka med Adventlotteri – siste dagen er nemleg laurdag når vi skal opne luke nr 24 – da blir det finale. Men først må vi ta dagens luke, som nummer 19, og i dag var det faktisk heile 3 gevinstar! Den første var eit par pulsvarmarar som var vunne av Pestua – og blir det like kaldt i jula som det har vore den siste veka, så blir dei gode å ha. Spennande med to gevinstar til i dag – den andre ….
Den andre gevinsten var nystekte lefser – aldeles i rett tid for å bli kaffemat til jul. Heldig vinnar vart Karen Johanne Talgø på Vestrum
Den tredje gevinsten som var trekt ut i dag var ein strikkagenser og longs i ull – gode og varme klær som hamnar i Surnadal ettersom det var Roger Stormyr som vart vinnar. Roger er til dagleg å finne på ordrekontoret på Talgø MøreTre.