I Todalen kyrkje starta dei det nye kyrkjeåret med lysmesse søndag kveld. med smått og stort var det var over 80 personar tilstades da vikarprest Aarseth ønska velkomen på lysmessa.
Mo og Stanvik skulekorps tok del i lysmessa og hadde «pussa støvet» av julsongane for høvet. Til tross for at dei var litt fåmennt fikk vi høre eit triveleg gjenhør med kjente og kjære julsongar. Dei vart leda av sin dirigent Dennis Vostrikov.
Det var også utdeling av kyrkjebok til 4- og 5-åringane, medan 5.-klassingane fikk kvar sin bibel. Konfirmantana tok også del i lysmessa og tente kvart sitt lys for å markere adventstida. Etterpå var det offer til Redd Barna ved utgangen.
Sjå også bildegalleriet nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal