Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adresse Betlehem

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. desember 2022

Etter eige ønske feira Todalen og Stangvik oppvekstsenter skulegudsteneste i dag. Det vart ein livleg og lærerik time i Stangvik kyrkje for elevane ved oppvekstsenteret. Torbjørn Brøske var prest og Bernt G. Bøe spela orgel.

Før klokkene ringte, fortalte Torbjørn litt om kyrkjerommet. Det er «skipet» med oss alle ombord, på veg gjennom livet, sa han. Og rommet fremst heiter «koret», fordi det var songarane sin plass i gamle dagar.

Så tok han på seg prestedrakta, også som del av dagens undervisning: – Drakta heiter «alba». Det betyr «kvit» og er same ord som i «albino». Det lange skjerfet over skuldrene heiter «stola».

Elevar deltok i fleire oppgåver, med dyktigheit og glede. Somme las, andre tente adventslysa og 8-åringen Tilde spela «Glade jul» attåt allsongen.

Fottur som til Trondheim

Sjølvsagt handla mykje om Maria og Josef som gjekk frå heimbyen Nasaret til Betlehem den første jula for over 2000 år sidan. – Det er 14 mil, like langt som frå Stangvika til Trondheim, sa Torbjørn. Litt av ein tur til fots, særleg for Maria, som hadde ein stor baby i magen. – Og med mange bakkar, sa han. – Betlehem ligg like høgt som fjellet Strengen ovanfor Stangvika!

Døra inn i «Fødselskyrkja»

Så fekk ungane høyre om Fødselskyrkja, som er bygd på staden der stallen stod i Betlehem. – Og no skal vi tenkje oss at vi går inn der! foreslo Torbjørn. Han hadde snikra ein port, akkurat like liten som døra inn til Fødselskyrkja. Torbjørn og kyrkjetenar Oddvar Væge heldt dørkarmane medan alle elevar og lærarar bøygde seg gjennom den låge opninga og samlast framme i koret.

Julesong og orgeltonar

Og kva song passa betre å synge her «i Fødselskyrkja» enn «Et barn er født i Betlehem»?

Andre songar var «Det lyser i stille grender» og «Deilig er jorden». Til slutt spela organist Bernt Bøe det vakre «Julverset» frå nettopp denne bygda.

Samlinga i Stangvik-kyrkja denne måndagsmorgonen la nok både Jesubarnet, Betlehem og heile julehøgtida tett inntil alle som deltok!t

Publisert: 19. desember 2022, 20:45