Elisabeth Aas er «hyttetodaling» med eige kunstgalleri i Trondheim. Torsdag var det nyopning med nytt namn og nytt konsept. Det som tidlegare var «Elisabeths Atelier» heiter no «AAS – Det Glade Galleri», men adressa er framleis den same – Dronningens gt 48 i Trondheim. Torsdag var det stor ståhei og mykje folk, med servering av tapas og god stemning i galleriet, der ho driv salg av både eigen kunst og kunst frå gjesteutstillarar. no har ho utvida utvalet og stiller også ut keramikk og glaskunst i tillegg til biletkunst.
Sommarhalvåret er ho som oftast å treffe i Todalen i ferie og helgar, da ho forlengst har overteke Aasfamiliens hytte – Sissibu – i Sissigrenda. No er nok sesongen på hell, og galleriet kjem nok til å ta mykje av tida i haust og utover vinteren, men til våren dukkar ho nok opp i Todalen igjen. Ho set stor pris på todalingane, og inviterer alle som er interessesert til å stikke innom galleriet når Trondheimstur står på programmet. Galleriet er på heile 120 m2, og består av 5 rom med mykje fin kunst, og no i helga er det ope fredag/laurdag 11-16 og søndag 13-16. Her kan du sjå plakaten og heimesida!