Fredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset. Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag. Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.
Eit enkelt og greit arrangement, med Steinar og Torill på Trudvang som stillte garasjen til disposisjon for traktering – og det var faktisk godt med ein var gløgg både for å varme fingrane og ein frossen kropp. Og folk kosa seg og både med julgrantenning, traktering og i kvarandres nærvær .
Ei lita utfordring var det nok å prøve å ta bilder med så lite, men samtidig så sterkt lys. Men det vart da i allfall nokre bilder som kan fungere som gode minner fr årets julegrantenning i Trudvangkrysset. Vi kan iallfall dokumentere at julefeiringa er komen i gang i Brusetmarka