Etter nokre års opphald blir det seniorfotball på Bordholmen og Søyabanen igjen. Søya og Todalen dannar eit samarbeidslag, på same måte som for dei aldersbestemte laga. Namnet på det nye laget blir Søya/Todalen, og heimekampane kjem til å bli fordelt mellom Bordholmen og Søyabanen. Søya/Todalen skal kjempe i 5. divisjon, der dei skal møte mange tøffe motstandarar. Motstandarlaga i 5. divisjon avd 1 blir Clausenengen, AK 2, Sunndal 2, Dahle 2, Nordlandet, Frei, Smøla, Tingvoll 2, Halsa/Valsøyfjord og Øksendal.
Søya/Todalen åpnar med «walkover» i 1. serierunde, og startar sesongen med bortekamp mot Øksendal før første heimkamp og lokaloppgjør mot Halsa/Valsøyfjord på Bordholmen fredag 4. mai kl 19.30. Her er terminlista for 2012. Vi ønsker lykke til!