Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – opnar for laksefiske igjen frå midnatt

Jon Olav Ørsal Fredag 25. juli 2025

Frå midnatt, natt til laurdag, blir det opna for laksefiske igjen i Toåa.  Vasstemperaturen er gått ned og vassføringa er på veg opp igjen, dermed er det forsvarleg å opne oppatt for laksefiske, seier leiar i Todalen Elveeigarlag Stig Husby til Todalen.no.

Les heile saka

Robotklippar og nytt el-anlegg på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. juli 2025

Torsdag kveld var Steffen Møkkelgård frå RBL i Rindal på Bordholmen stadion og monterte Husqvarna robotklipparen Todalen Idrettslaget har kjøpt. I forrige veke fullførte AS Elektro arbeidet med å montere komplett nytt elektrisk anlegg i klubbhuset. Med det nye nærmiljøanlegget som stod ferdig i fjor, ny robotklippar og nytt elektisk anlegg har idrettslaget investert rundt ein million på Bordholmen stadion dei siste to åra. 

Les heile saka

Hestar på rømmen i natt

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. juli 2025

I nattens mulm og mørke har fire hestar rømt frå sitt sommaropphald i Viastua. Hestane høyrer til hos Stall Åsbø på Nordvik, men er no på sommarbeite på Kvennset nokre veker.  I natt vart fristinga for stor, og dermed lista dei seg ut og tok ein tur på bygda. I løpet av natta har dei vore observert fleire plassar – mellom anna i Øyagrenda. 

Les heile saka

Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juli 2025

Drfitstleiarane for Todalen Idrettslag sitt treningsstudio, Hett & Svett, fekk tysdag 15. juli ei litt trist tilbakemelding frå ein fast brukar av treningsstudioet. «Det var trist å komme på Hett & Svett idag, for å måtte starte oppvarminga med å rydde på plass manualar og anna treningsutstyr, rydde vekk godterisøppel og tomflasker», heitte det mellom anna i meldinga.   

Les heile saka

Inviterer til familiedag på Vaulen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juli 2025

I år er det Friluftslivets år, søndag 31. august klokka 10:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til familietur på Vaulen. Har ein ikkje vore på Vaulen før? Da er dette ei fin moglegheit til å kome seg dit og få sjå den fine plassen Vaulen er! 

Les heile saka

Fisking kåra til månadens bilete i juni

Guro Redalen Tysdag 22. juli 2025

Med blinkskotet Fisking har Torgunn Nordvik verkeleg fått napp – og dreg i land sigeren i kåringa av månadens bilete for juni! Vi gratulerer med ein velfortent fangst av heider og ære!

Les heile saka


Stenger Toåa for laksefiske inntil vidare

Jon Olav Ørsal Måndag 21. juli 2025

Todalen Elvaeigalag har beslutta å stenge Toåa for fiske etter laks og aure frå midnatt måndag kveld.  Det skjer grunna lita vassføring og høg temperatur på vatnet.  I første omgan blir elva stengt i 4 døgn fram til fredag kveld ved midnatt, seier leiar i Todalen Elveeigarlag, Stig Husby. 

Les heile saka

Rødt – Starta valkampen i gapahuken i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Rødt har vore på Todalsbesøk i dag – søndags kveld var dei i gapahuken i Båthølen på ope møte for å treffe Todalingane.  I rundt 30 graders varme er det ikkje så enkelt å samle folk til politiske møter.  Dei tre frå Rødt, var Mattis Himo som er 1.-kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal. I tillegg var Edvard Breivik med som leiar for Rødt Møre og Romsdal, og leiar Roar Nes frå Surnadal Rødt.

Les heile saka

Sterke resultat frå Valldal og Mefjellet Opp 2025

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Laurdag vart Aron Rodal noregsmeister i motbakkeløp i juniorklassen. Han gjekk i mål på tida 46,21 som også heldt til 10.-plass totalt av 193 startande.  Isak Drøpping kom i mål på tida 49,04 og 3.-plass i juniorklassen.  Flott innsats frå «randogjengen» i Trollheimen fjellsportklubb!

Les heile saka

Lynnedslag og branntilløp i eit forrykande torevêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juli 2025

Det varme sommarvêret er nok årsak til at det har vore lyn og torden på ettermiddag og kveld i fleire dagar på rad.  Fredag kveld var det ekstra mykje, og eit ganske massivt torevêr gikk nedover bygda på seinkvelden.  Det var nok mange som var bkymra og som drog ut kontaktar for å spare ekeltrisk utastyr.  Toreveret såg ut til å gå fleire rundar og det vart eit skikkeleg regnvêr i kjølvatnet av torevere. Rundt midnatt var det meste over og det hørtes ut som den trekte unna. 

Les heile saka