Søndag 17. august klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i Svinvik arboret, om vêret tillet det. Dersom vêret ikkje er bra, og regnet høljer ned, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje til same tid.
Les heile saka
Søndag 17. august klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i Svinvik arboret, om vêret tillet det. Dersom vêret ikkje er bra, og regnet høljer ned, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje til same tid.
Les heile sakaTysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur. Turen denne gongen gjekk til Renndølsetra og Innerdalen i Sunndal kommune. – Værgudane stilte opp med godt turver for dei 34 pensjonistane tok den årlege turen til Innerdalen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile sakaMåndag starta Nina Heimlund frå Melen i Øyagrenda som ny medarbeidar på Matkroken Todalen. Nina går inn i hundre prosent stilling, og erstattar Marit Tørset som vart pensjonist 31. juli.
Les heile sakaTodalen elveeigarlag gjentar fjorårets suksess med rekrutteringsdag elvefiske for barn og ungdom i alle aldre. I år skjer det i Båthølen, der det er ypperlige forhold for slike aktiviteter – Stig Husby som er leder i Todalen elveeigarlag håper at mange, både stor og små, hiver seg rundt og blir med. – Fjorårets arrangement som ble arrangert på Bruset var en ubetinget suksess. Velkommen til årets arrangement:
Dato: Torsdag 14. august kl. 17.30.
Sted: Båthølen, gapahuken ved Toåa Tursti.
Etter ein del forespørslar siste tida, arrangerer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) ein ekstra kveld med aversjonsdressur, så er ein ikkje i mål med aversjonsbeviset før jakta? Da har ein sjansen måndag 18. august klokka 18:00 på Nordholten, Lykkjeeidet 322, 6650 Surnadal.
Les heile sakaTorsdag 14. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur i Todalen. Oppmøte og parkering på Bruset, før turen går oppover langs Toåa.
Les heile sakaTrollheimen fjellsportklubb er arrangør av Kårvatn Skyrace 2025, som går av stabelen lørdag 16. august med start frå gardstunet på Kårvatn. Her kan du velge i 6 forskjellige distanser frå 2,5 km og opp til 29 km – litt etter alder og hvilket nivå du satser på. Alt nå er det i skrivende stund påmeldt 58 deltakere før påmeldingen egentlig er kommet i gang. Spesielt artig er det at det er veldig mange lokale deltakere som er påmeldt, så det ser ut til å bli en skikkelig fight i Dalalia denne dagen.
Les heile sakaSurnadal bibliotek informerer om at dei skal skifte biblioteksystem, og vil difor halde stengt frå og med fredag 15. august til måndag 8. september. Sommarles-premiar kan heller ikkje hentast i denne perioden, men fristen for å gjere dette er forlenga ut september.
Les heile sakaOnsdaganae 13. og 20. august er det sommarope på Åsen bygdemuseum i tidsrommet frå klokka 11:00 – 16:00. Båe dagane er det ei lita omvisning frå klokka 11:00.
Les heile sakaVeidekke som har ansvaret for vedlikehald av fylkesvegane, driv no med andre runde med kantslått. Først ute er vegen inn til Todalen, så vil det veg etter kvart bli vegane rundt bygda som får ein «stuss».
Les heile sakaKulturavdelinga i Surnadal kommune minner om aktivitetane som er knytt til Friluftslivets år. Laurdag 16. august er det Bøfjord Småbåtforening som står som arrangør. Laurdag 16. august inviterer Bøfjorden småbåtforening til gratis fjordtur med fisking. Det blir start frå Elvaneset småbåthamn på Settem i Bøfjorden kl. 10.00. Deretter går turen ut Bøfjorden for å prøve fiskelykka i nærområda, anten utover Halsafjorden eller innover Trongfjorden. Båten som skal brukast under turen, heiter «Skjellfjord» og er ein 103 år gammel 44 fots kutter.
Les heile sakaMåndag kveld vart ein særs dramatisk og trist kveld for familien Bolme og nabolaget i Bekkerhagan. Elinor og Ivar var på Rhodos på ferietur, og var akkurat ferdige middagen da dei fekk telefon frå yngsteguten Markus, som var heime saman med hunden, om at det brann i garasjen heime i Holbakken i Bekkerhagan. Ring brannvesenet med ein gong var beskjeden Ivar gav Markus, før han la på og ringte naboen Ragnar Halle. Elinor tok på si side kontakt med Ingri Bruset, som også er nabo, for å få ho til å ta seg av Markus, fram til broren Ola kom frå Surnadal.
Les heile saka