På Todalshytta har dei opplev ein eventyrleg sommar – både med tanke på belegg og overnattingsdøg, og utnytting av kapasitetet på restauranten. Sjølv om laksefiskarane stort sett har vore fråværande så har «vanlege turistar» sørga for godt belegg på hytta, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta saman med kona Cristy. No i helga – fredag til søndag er hytta fullbooket, både med tanke på overnatting og restauranten. Vi har derfor sett oss nødt til å stenge, seier Evensen.
Les heile saka
Tysdag 12. august inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnaal til ny fjelltur, og denne gongen er det årlege turen til Innerdalen som er turmålet.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Fiskeutvalget i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til «fiskesommar» på Nordvik. Målgruppa for sjølve fiskekonkurransen var barn og unge, og det var gratis å delta.
Les heile saka
Torsdag var førstekandidat og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeiderparti på valkampbesøk i Surnadal. Her var det landbrukspolitikk som stod på agendaen første del av besøket, før det bar vidare til valkampstand i Surnadal og Quiz på hotellet.
Les heile saka
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til haustsesongens første stavgangtur. Turmålet for den haustsesongens første tur gjekk oppover lia til Leikaren.
Les heile saka
På siste kyrkjemøtet vart det gjort vedtak om at alle domkyrkjene og lokalkyrkjene som har høve til det skal ringe for å markere sin støtte til sivilbefolkninga i Gaza. Dette blir gjort gjennom å ringe med kyrkjeklokka og samtidig tenne eit lys og be for Gaza. Det skjer torsdag 7. august frå kl. 15:00.
Les heile saka
Torsdag 7. august frå klokka 15:00 har alle biskopane i Den norske kirke oppfordra alle kyrkjene og domkyrkjene over heile landet til ringe med kyrkjeklokkene for fred. Bakgrunnen for dette er den humanitære katastrofen sivilbeforlkninga i Gaza opplever. Markeringa vil altså starte klokka 15:00 og varer i femten minutt.
Les heile saka
Har du lyst til å smake paella og anna spansk mat, spør Francesc og Siri frå «piratskulen» i Holatrøa. Dei har mange gong arrangert spansk aften med Tapas på pakkhuset, men denne gongen er det altså paella og Skulstuå som står på programmet. Dei to inviterer altså til spansk aften i Skulstuå laurdag 9. augst i tidsrommet 18:00 – 21:00
Spansklærar Francesc og norsklærar Siri frå «Piratskolen» i Holmatrøa inviterer til spansk aften med spansk mat og god todalsk piratstemning!
Les heile saka
Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal turen til Svinvika og gjekk Svinvikrunden. – Før det var bygd veg over Svinvikkammane var Svinvika knutepunkt for vegsambandet til Todalena, fortel Lars Gudmund Røen i fjellgruppa.
Les heile saka
Hausten og ny jaktsesong nærmar seg med stormskritt. I kveld var det mange som nytta høvet både til å ta skyteprøven og til å starte med prøveskyting – alle som tek skyteprøven skal ha 30 obligatoriske prøveskot og dei skal fordelast på to kveldar. Da først får du prøve deg på skyteprøven som er 5 skot på ei viltskive med ein ring med diameter 30 cm der du må ha alle 5 skota innafor ringen – du må altså 5 treff!
Les heile saka
Eit bolighus i boligfeltet Bekkerhagan i Todalen står i full fyr. Alle naudetanane er på staden. Brannvesenet driv med slokkingsarbeid for å forhindre at brannen spreier seg til nabohusa. Alle som var i huset har kome seg ut, inkludert ein hund.
Les heile saka
Torsdag 7. august klokka 11:00 startar Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal haustsesongen, når dei inviterer til stavgangtur til Leikaren.
Les heile saka