Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arve er spent på årets sesong

Jon Olav Ørsal Sundag 15. juni 2025

Vi starta året som i fjor – men sjølv om vi kan registrere litt mindre interesse for fiske så er ein ny sesong i gang. – På Todalshytta har vi lagt større vekt på mat og matkvalitet, og det har vi lykkes med, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta

Les heile saka

Gudsteneste med både kor- og solosong

Jon Olav Ørsal Sundag 15. juni 2025

Under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje bidrog Straumsnes songlag med korsong – det var i samband med songarstemnet i Surnadal i helga at vi fekk utlånt eit songkor for å delta korsong. Det er utruleg kor godt det løftar allsongen når du får med eit heilt kor.

Les heile saka

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. juni 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Historisk vandring – Øygarden rundt med kjentfolk

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juni 2025

Todalen historielag inviterte laurdag på historisk vandring rundt på Øygarden på Nordvik. Rundturen får liksom ein heilt anna dimensjon når du får med kjentfolk som kan fortel om historia til både staden og folket. Med på denne turen var det fleire kjentfolk – vi kan nemne Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske, Anna Ingeborg Nordvik og Unni Tørset – og fleire til.

Les heile saka


Jonsvaka i Åsskard: Folketonar i vakker ramme

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Åsskard har feira Sankthans med Jonsvaka i over 40 år. Fredag 20. juni er folkesongaren Runa Kvalsund gjest med arrangørkoret P17 og fløytisten Tove Elin Strand. Solisten har studert folkemusikkens opphav og syngemåte. Slik får publikum oppleva viser, salmetonar, kringelhauk og trallating på den ekte «gammelmåten»

Les heile saka


Utstillinga FISK i Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Kva med ein ut oppi Skulstuå i finveret i helga? Utstillinga FISK står i heile sommar og laurdag 14.juni frå kl.13 til 16 er den igjen opa, som og annonsert i Driva.  Det er Ingvar Ortega Redalen (f.2012) som har teikna fiskar frå både nære og fjerne havstrøk, her kan du sjå både regnbogeaure, brisling, havmus, slimål, storskat, gjøkskate, tagghai og kval og mange fleire fiskeartar.

Les heile saka

Inviterer til kulturvandring på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 13. juni 2025

Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar. 

Les heile saka

Stavgang: – Rundtur på Røssmoen

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Torsdag vart det ein kjempefin vêrdag, og dagens stavgangtur vart ein rundtur langs elva – eller rettare sagt øssmoen rundt som endte opp i Svartvassområdet der det vart ein kaffedråpe etter turen. 

Les heile saka

Ryddige elvekantar – klart for ny sesong

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Laksefisket er forlengst igang i Toåa, men vi har venta på betre innsig før vi startar for fullt, seier Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag.  Torsdag kveld samla han habile mannskap for å ta ein dugnadstørn med rydding av elvekantar og tilrettelegging for laksefiskarane.  

Les heile saka

Besøkte Gammelfabrikken og Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juni 2025

Norilco Nordmøre stakk innom Gammelfabrikken på tur til middag på Todalshytta.  Det var nok mange som lurte på kva KBK-bussen gjorde i Todalen i dag, men det var altså ikkje meir vidløftig enn at dei sørga for skyss til stomigruppa i Norilco Nordmøre. På Gammelfabrikken fikk dei høyre og sjå Talgøhistoria, og det vart og tid for omvisning både ute og inne – og sjølvsagt fekk dei sjå Trollheimsutstillinga med blant anna Tingvollulven. 

Les heile saka