Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med gråvêrstur til Klokkarhaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. august 2025

Tysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. august 2025

Fredag 22. august frå klokka 11:00 er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Da kan dei igjen by på fersk bakst, så da blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til helga. 

Les heile saka

Bli med på spørjeundersøking frå kommunen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. august 2025

Det er oppfordringa når Surnadal kommune no spør innbyggarane i kommunen om kva behov, planer eller tankar dei har for eigen bustadsituasjon no og i framtida. Innbyggarane vil også bli spurt om dei er førebudd på alderdommen og eventuelle helseutfordringar. 

Les heile saka


Laurdag er det klart for Søyacupen 2025!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. august 2025

Laurdag 23. august frå rundt klokka 09:00 er det klart for Søyacupen 2025! Det er påmeldt 89 lag, så her blir det fotball heile dagen på alle banane på Søyabanen. Det blir open kiosk og det blir sal av grillmat, så på laurdag kan ein innta middagen på Søyabanen samtidig som ein kan sjå så mange fotballkampar ein vil!

Les heile saka

Friluftsgudsteneste og konfirmantjubileum i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 18. august 2025

Regnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag.  Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova.  Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar. 

Les heile saka

OBS! OBS! Fjellgruppa endrar turmål tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. august 2025

På grunn av melding om at Hennadalsvegen på grunn av vegarbeid er stengt for trafikk, endrar Fjellgruppa turmålet sitt tysdag, og inviterer i staden til tur til Klokkarhaugen i Stangvika. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkjøring til Stangvika. 

Les heile saka

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. august 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til haustsesongens første kløvertur. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.

Les heile saka

Erik glimta til på heimebane i Dalalia

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. august 2025

Det var ingen som kunne truge med å slå Erik Kårvatn på laurdagens Kårvatn Skyrace 2025.  Det var einast vêrgudane som i morgontimane truga heile arrangementet med regn og kald vind. Den 29 km lange løypa vart avlyst, og deltakarane som var påmeld der, 28 i talet, vart overført til 15 km-løypa.  -Det var ikkje forsvarleg å sende folk oppi høgfjellet med slik vind og nedbørsmengd vi opplevde da, seier leiar i arrangørklubben Mette Sæter Ormset.

Les heile saka


Endring i Kårvatn Skyrace 2025 på grunn av vêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. august 2025

Regn og skodde i høgfjellet fører til at Trollheimen fjellsportklubb må endre  programmet for Kårvatn Skyrace 2025.  Det vil seie at 29 km går ut og løparande blir overført til den 15 km lange løypa i lag med juniorane.  – Det er for resikabelt å sende løparane opp på snaufjellet i dette vêret, seier løpsleiar Halvor Drøpping.  Dermed går starten kl 10:00 for 29 km løypa ut og dei startande blir overført til starten for 15 km som går kl 11:30.  

Les heile saka

Hvilken Stikk UT!-tur er den fineste i din kommune?

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. august 2025

I forbindelse med friluftslivets år inviterer vi turfolket i Møre og Romsdal samt Heim i Trøndelag til å kåre den fineste Stikk UT!-turen i sin kommune.
Det er 620 turer å velge mellom i vår region.
 – Hva er din favoritt-tur? spør Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.
Friluftsrådene trekker ut premier blant de som nominerer, og når fineste turer er kåret vil dette bli synliggjort i media. Også kommunene vil få resultatet og kan synliggjøre dette eller gjøre noe ut av kåringen. 

Les heile saka