Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.
Les heile saka
Tysdag 26.august inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Da er Resdalen og Svarthatten målet for fjellgangarane.
Les heile saka
Når skodda letta litt på lokket i dag, så fekk vi sjå at vinteren har banka på døra. Vårt bilde er frå Storfjellet og Grinaren, men det var og nysnø på dei andre toppane, slik som Skjeringfjellet, Snøfjellet og i Kjerringa. I dag skriv vi 22. august, og det er vel inga bombe at vi får signal om at det går mot ein ny vinter.
Les heile saka
Siste estimat for feilretting av Telia-nettet er no flytta til måndag kveld klokka 22:38. Om dette er eit truverdig tidspunkt står att å sjå, men det er lov å håpe. Sjå Telia sitt dekningskart her.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert karbonadar med potet, ertestuing, gulrot og brun saus.
Les heile saka
Det tegnar til å bli ein bra innspurt på fisket i Toåa i august. Den siste veka (veke 34) er det alt gjort 11 fangstar – 7 laks og 4 sjøaurar. Dei 11 fiskane har ei gjenomsnittvekt på 2,6 kg, der den største laksen er på 7,0 kg og vart teken ved Steinutgarden i Brusetmarka sist tysdag.
Les heile saka
Vi har også i dag vore i kontakt med Telia kundeservice, og dei kan no fortelje at servicefolk er på plass for å rette feilen, men at dei ikkje kan seie noko eksakt tidspunkt for når feilen er utbetra.
Les heile saka
Med blinkskotet Etter regn kommer sol vart Jo Gjeldnes kåra til SOLeklar vinnar av månadens bilete i august. Vi gratulerer!
Les heile saka
I Surnadal fortsett lag, organisasjonar og kommune å tilby ulike arrangement i anledning «Friluftslivets år 2025». I månadsskiftet august/september er det fleire gaue friluftsarrangement å gle seg til.
Les heile saka
Sommarfesta for bebuarar og pårørande var planlagt som utendørsarrangement i det stor teltet som foreninga har sponsa, men båd vertilhøve og temperatur var med og bestemte at festa måtte gjennomførast innendørs i kantina på sjukeheimen. men sommerfest skulle det bli, og Surnadal demensforening og helselag svinga seg rundt og arrangerte fest i kantina og med sommarpynt og sommarhattar vart det automatisk sommarstemning i kantina.
Les heile saka
Onsdag starta Pensjonistforbundet Surnadal på «haustsemestret» med det første medlemsmøtet etter ein lang sommarferie. I haust skal dei kjøre ein møteserie der dei vil sett fokus på folkehelsa. Først ute var det Trine Glåmen som var hyra inn som foredragshaldar med tema «Folkehelsa i Surnadal – einsemd påverkar folkehelsa».
Les heile saka
Da er Telia nettet i Todalen nede igjen! Nettet datt ut klokka 11:30 i dag, og i følge Telia kundeservice så skal feilen bli retta innen i morgen klokken 11:30.
Les heile saka