Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 26.04 i tida kl. 13:00 -16:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 26.04 i tida kl. 13:00 -16:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Les heile sakaDet er Kjell Gunnar Polden som lurar på om du eller nokon annan har mista ein hjulmutter. Den vart funne på vegen utafor Hett & Svett/Talgø, og han oppfordrar deg som har skifta hjul til å sjekke om det kanskje er fleire lause muttrar. Det kan være skikkeleg skummelt å miste hjul – ta ein sjekk om det er frå din bil. Det er faktisk ein god rutine å ettersette hjulmuttrane etter hjulskifte!
Det høyrer med til historia at det tok berre nokre få minutt før «muttereigaren» meldte seg til finnaren!
Til høsten blir det Yogakurs for nybegynnere på Atleta i Surnadal. Da ønskes du velkommen til nok et yogakurs med Eli Vullum Kvande (SOL. Pop-up yoga) og Marit Dalsegg Bruset som intruktører.
Les heile sakaEtter ei hektisk påske med opning av nytt bakeriutsal og mykje besøk, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal fredag 25. april frå klokka 12:00 – 17:00. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen til helga.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening melder at no er det tid for salg av maiblomster: maikrans, enkel maiblomst og bilblomster. Inntektene går til arbeid for barn og unge i Norge.
Les heile sakaI samband med utbygginga av ny kraftline mellom Surna og Viklandet kraftstasjonar, inviterer Statnett til ope informasjonsmøte på Thon Hotel Surnadal onsdag 23. april klokka 18.00.
Les heile sakaStyret i Nordvik Grendalag minner om dugnaden sin i Nordvik forsamlingshus og på Øygarden i morgon, tysdag 22. apirl klokka 18:00. Forsamlingshuset skal vaskast, og på Øygarden skal gjerdet ved fotballplassen reparerast. Ta derfor med høveleg utstyr, er oppfordringa frå grendalaget.
Les heile sakaFriluftsgudstenesta har lang tradisjon i Todalen – først i mange år på Haugligardane og no i fleire år på Tjønnmyran, slik som i dag. Og tradisjonen er mesta like lang med finvêr på 2. påskedag, sjølv om det kom 4-5 småe regndropar da folk var på tur oppover bakkane til Tjønnmyran. Men dei vart aldri meir enn nokre få. Eit femtital fann vegen til friluftsgudstenesta på Tjønnmyran i dag, og det vart ein triveleg dag, sjølv om sola glimra med sitt fråvær – det var god temperatur og omtrent ikkje vind, og da blir det da bra.
Les heile sakaNok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 23. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert pasta og kjøttsaus.
Les heile sakaTodalen Sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyrann 21. april (2. påskedag) klokka 12:00. – Vi håper både på mye folk og godt vær, seier sokneprest Pål Arne Winsnes.
Les heile sakaPåskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing og oppstandelse, men først må vi gå litt rundt grauten. For kven fann eigentleg på det å putte graut på bakels? Og kva er det med kanelmønster som puttar Sunndal i den? Smær, betre enn rømme? Og kva skjedde med risgrynsgrauten på laurdagen? Så mange spørsmål, så lite grautgravetid.
Les heile saka