Torsdag vart det ein kjempefin vêrdag, og dagens stavgangtur vart ein rundtur langs elva – eller rettare sagt øssmoen rundt som endte opp i Svartvassområdet der det vart ein kaffedråpe etter turen.
Les heile saka
Torsdag vart det ein kjempefin vêrdag, og dagens stavgangtur vart ein rundtur langs elva – eller rettare sagt øssmoen rundt som endte opp i Svartvassområdet der det vart ein kaffedråpe etter turen.
Les heile sakaLaksefisket er forlengst igang i Toåa, men vi har venta på betre innsig før vi startar for fullt, seier Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag. Torsdag kveld samla han habile mannskap for å ta ein dugnadstørn med rydding av elvekantar og tilrettelegging for laksefiskarane.
Les heile sakaNorilco Nordmøre stakk innom Gammelfabrikken på tur til middag på Todalshytta. Det var nok mange som lurte på kva KBK-bussen gjorde i Todalen i dag, men det var altså ikkje meir vidløftig enn at dei sørga for skyss til stomigruppa i Norilco Nordmøre. På Gammelfabrikken fikk dei høyre og sjå Talgøhistoria, og det vart og tid for omvisning både ute og inne – og sjølvsagt fekk dei sjå Trollheimsutstillinga med blant anna Tingvollulven.
Les heile sakaDa er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år.
Les heile sakaForbipasserande meldte om at det har vore ruteknusing og innbrot i skulebygninga i Todalen. 3 vindusruter inn til eit av klasseromma var knust, slik at ein kunne opne det eine vindauga. Eigedomssjef Olav Rønning fortel at det har vore vaktmester på staden for å sikre vinduet.
Les heile sakaTysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur, og denne gongen var Knyken målet. Vêrvarsla var ikkje dei aller beste for dagen, men da dei 22 godt motiverte pensjonistane møtte opp for å bli med til Knykens topp.
Les heile sakaI tida frå 23.mai til 14. september i 2025 har Nasjonalmuseet ei utstilling med tittelen «Ny nordisk. Mat, estetikk og sted». Dette er ei omfattande og variert utstilling med arbeid og kunstverk frå alle dei Nordiske landa.
Les heile sakaTodalen Sokneråd inviterer til song- og musikkgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 15. juni klokka 11:00. Da kjem Straumsnes songlag og solisten Nina Halset på besøk. Pål Arne Winsnes er liturg og Amund valde spelar orgel og piano.
Les heile sakaNydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset.
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa.
Det gror igjen – elvekantene langs Toåa er ikke noe unntak. Derfor blir det dugnad med rydding av adkomst og diverse oppgraderinger langs elva torsdag 12. juni kl. 18.00,
forteller Stig Husby, som er leder i Todalen elveeigarlag.
Dugnadskvelden blir det oppmøte på Bruset – ta gjerne med motorsag og hagesaks. Elveeigarlaget stiller med ryddesag. Alle som har lyst kan bli med på dugnad, men grunneiere oppfordres spesielt til å bli med.
Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar.
Les heile sakaKomande torsdag – 12. juni kl 11:00 går stavgangturen til Røssmoen og nedover elvepromenaden. Oppmøte ved Coop Extra og start derifrå – vêret ser ut til å bli bra, og vi håpar på bra deltaking. Alle sammen er velkomne.