I dag, fredag, er det innspurt i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der premiane er fem gåvekort på valfri pizza på YX Surnadal. Trekninga er fredag kveld klokka 20:00, og Økonomigruppa tek kontakt med alle vinnarane i løpet av fredag kveld.
Les heile saka
Isak Drøpping var først ute frå starten, og han heldt den posisjonen heilt til mål under mosjonsløpet Dammen Opp 2025. Han forbedra løyperekorden med 33 sekund, frå 14:30 til !3:57 og var suverent først i mål framfor Håvard Gjeldnes som vart nr 2 og Brynjar Heggelund Grave som sikra seg 3. plassen. I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som fikk beste tid på 18:17.
Les heile saka
I den gamle hagen etter Anne og Halvor Svinvik ved Todalsfjorden er det eit mangfald av vekster å oppleve. Rododendron er signaturplanta for staden, og mange av desse står i blomstring no og ei stund utover i juni. Svinviks arboret ønskjer alle velkomen innom!
Les heile saka
På Hageland er det ope gjennom heile pinsehelga – laurdag er det vanleg laurdagsope 10 – 16, medan det 1. og 2. pinsedag er vanleg søndagsope 12 – 17. Laurdag , søndag og måndag byr hagesentret på gratis kaffe med skuffekake eller baksels & graut til alle som stikk innom.
Les heile saka
Det gror igjen – elvekantene langs Toåa er ikke noe unntak. Derfor blir det dugnad med rydding av adkomst og diverse oppgraderinger langs elva torsdag 12. juni kl. 18.00,
forteller Stig Husby, som er leder i Todalen elveeigarlag.
Dugnadskvelden blir det oppmøte på Bruset – ta gjerne med motorsag og hagesaks. Elveeigarlaget stiller med ryddesag. Alle som har lyst kan bli med på dugnad, men grunneiere oppfordres spesielt til å bli med.
Les heile saka
I ei pressemelding no på morgonkvisten blir vi informert om at Stangvikfestivalen har fått ny leiar. Etter årsmøtet for 2025, er det klart at Astrid Hyldbakk tek over som leiar for Stangvikfestivalen etter Lise Mari Brøske.
Les heile saka
Todalen Mjølk er i full gang med siloslåtten – dei to siste dagane har der vore fint vêr og godtenperatur slik at det har tørka ut litt. Bra avling og god kvalitet, seier Ståle Ansnes i Todalen Mjølk.
Les heile saka
Jobben med å slå vegkantane var vel typisk kårkallarbeid og verdifulle grasstrå som kom godt med når det var berre så passeleg med grasvokster. No sker det på meir avansert vis, og dei siste par dagane har Ole Peder Holten frå Veidekke tråla vegkantane rundt heile bygda for å pusse vegkantane til sommars.
Les heile saka
Første tysdagen i juni inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klåberget. – Værgudane viste seg frå si beste side slik meteorologane lovte da vi starta frå parkeringsplassen ved Røen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile saka
Det er straumbrot i Surnadal og heim – det skjedde kl 20:20, og vi har foreløpig ingen info om kva som er årsak. Oppdatert: straumen kom att kl 20:49, men breibandleveransen kom att litt seinare. Kl 22 melder Svorka at dei har normal drift igjen etter straumbrotet som ramma midt-Norge.
Les heile saka
Onsdag 12. juni inviterer Todalen Idrettslag alle todalingar, nordvikgardingar og alle andre til lagseriestemne på Bordholmen stadion onsdag 11. juni klokka 18:00. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.
Les heile saka
Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til stavgangtur i Svinvikrunden torsdag 5. juni klokka 11:00.
Les heile saka