På grunn av planlagt arbeid i Svinviktunnelen er det manuell dirigering gjennom tunnelen tysdag frå klokka 10:00 – 21:00.
Les heile saka
På grunn av planlagt arbeid i Svinviktunnelen er det manuell dirigering gjennom tunnelen tysdag frå klokka 10:00 – 21:00.
Les heile sakaTorsdag 26. juni tar vi Stavgangturen til Kavlvegen. Vi møtes ved parkeringsplassen kl 11.00. Dette blir siste turen før ferien og, «høstsesongen» starter 7. august med tur til Leikaren, melder Wenche Kvendset i Stavganggruppa.
Todalen historielag har fått eit bilete av Sven Olav Svinvik, som far hans Bjarne Svinvik har teke. Historielaget lurer no på kva dette kan vera? Så dei håper nokon kan fortelje kva det er som går føre seg her. Kan du hjelpe? Da tek du i så fall kontakt med historielaget på e-post todalenhistorielag@outlook.com eller […]
Les heile sakaDet som skulle bli ein triveleg St. Hans-kveld med mykje folk og stort bål, vart i staden ein regnfull kveld og paraplyvër. Det var Todalen grendalag som stod som arrangør, og det vart da både triveleg og det vart stort bål. Bålplassen ligg mellom fjæra og Sagelva og det var absolutt ein trygg bålplass
Les heile sakaMiljøretta helsevern har teke prøvar av badevatnet rundt om i Surnadal kommune, og analysen NemkoNorlab har gjort, viser verdiar som gjer at det inntil vidare blir fråråda å bade ved Kalkstranda, ved Søysetøran og ved Todalen småbåhamn.
Les heile sakaNofence er ein klave på beitedyr og fungerer som ei virtuell inngjering, og erstattar dermed fysiske inngjeringar. Klaven er utstyrt med GPS og i kombinasjon med ein app gjev den eigar av beitedyre full kontroll kor beitedyra til ei kvar tid er.
Les heile sakaDet er berre såvidt at vi får teke knekken på Hønhalsen og vi får starte badesesongen, før det på ny går mot mørkare tider – og etter kvart ein lang og kald vinter. Det skjedde faktisk laurdag morgon kl 04,42 og dermed vart det den 21. juni som vart årets lengste dag med ein daglengde på over 18 timar.
Les heile sakaLaurdag hadde Skulstuå ein «sprett-opp-kafé» i Bekkerhagan, med nykoka kaffe og eit rikhaldig kakebord. Her fekk besøkjande ta del i den livlege samtalen rundt langbordet etter at dei hadde vore innom verkstaden til kunstnar Siri Skjerve. I verkstaden fekk dei mellom anna høyre om korleis Siri behandlar skinna ho brukar i skulpturane sine, der nokre av døma var råhud som har vore lagt i Toåa for avhåring, medan andre var feittgarva med hjerne.
Les heile sakaLaurdag arrangerte SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal IL den femte utgåva av Bankmila. Her var det Minibankmila for dei minste på rundt ein kilometer, Bankmila utan tidtaking på rundt åtte kilometer og Bankmila med tidtaking på godt og vel ti kilometer.
Les heile sakaDet er med stor glede og ein viss andakt at vi kan melde: «Hønhalsen 2025 e åv!!» Dermed er det ikkje berre lov, men nærast påbode å ta seg eit friskt elvebad i Todalen.
Les heile sakaTysdag 24. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til vårsesongens siste fjelltur. Da går turen til nabokommunen Sunndal og Karihaugen på Ålvundeidet.
Les heile sakaI samband med sponsorsal til Todalsdagen 2025 kom ein hyggeleg kontakt frå konsernleder marknad i Svorka, Linn Hamnes. Svorka har sponsa idrettslaget med breiband på både Bordholmen og i Ungdomshuset sia 2016, men ønska i tillegg å bidra med ein fast treårig pengesum.
Les heile saka