Laksefisket er forlengst igang i Toåa, men vi har venta på betre innsig før vi startar for fullt, seier Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag. Torsdag kveld samla han habile mannskap for å ta ein dugnadstørn med rydding av elvekantar og tilrettelegging for laksefiskarane.
Les heile saka
Norilco Nordmøre stakk innom Gammelfabrikken på tur til middag på Todalshytta. Det var nok mange som lurte på kva KBK-bussen gjorde i Todalen i dag, men det var altså ikkje meir vidløftig enn at dei sørga for skyss til stomigruppa i Norilco Nordmøre. På Gammelfabrikken fikk dei høyre og sjå Talgøhistoria, og det vart og tid for omvisning både ute og inne – og sjølvsagt fekk dei sjå Trollheimsutstillinga med blant anna Tingvollulven.
Les heile saka
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år.
Les heile saka
Forbipasserande meldte om at det har vore ruteknusing og innbrot i skulebygninga i Todalen. 3 vindusruter inn til eit av klasseromma var knust, slik at ein kunne opne det eine vindauga. Eigedomssjef Olav Rønning fortel at det har vore vaktmester på staden for å sikre vinduet.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur, og denne gongen var Knyken målet. Vêrvarsla var ikkje dei aller beste for dagen, men da dei 22 godt motiverte pensjonistane møtte opp for å bli med til Knykens topp.
Les heile saka
I tida frå 23.mai til 14. september i 2025 har Nasjonalmuseet ei utstilling med tittelen «Ny nordisk. Mat, estetikk og sted». Dette er ei omfattande og variert utstilling med arbeid og kunstverk frå alle dei Nordiske landa.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til song- og musikkgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 15. juni klokka 11:00. Da kjem Straumsnes songlag og solisten Nina Halset på besøk. Pål Arne Winsnes er liturg og Amund valde spelar orgel og piano.
Les heile saka
Nydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset.
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa.
Les heile saka
Det gror igjen – elvekantene langs Toåa er ikke noe unntak. Derfor blir det dugnad med rydding av adkomst og diverse oppgraderinger langs elva torsdag 12. juni kl. 18.00,
forteller Stig Husby, som er leder i Todalen elveeigarlag.
Dugnadskvelden blir det oppmøte på Bruset – ta gjerne med motorsag og hagesaks. Elveeigarlaget stiller med ryddesag. Alle som har lyst kan bli med på dugnad, men grunneiere oppfordres spesielt til å bli med.
Les heile saka
Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar.
Les heile saka
Komande torsdag – 12. juni kl 11:00 går stavgangturen til Røssmoen og nedover elvepromenaden. Oppmøte ved Coop Extra og start derifrå – vêret ser ut til å bli bra, og vi håpar på bra deltaking. Alle sammen er velkomne.
Mai er vel passert med både skrommeltog, turar på barmark, eit par rundar til med snø nedover fjellsidene, men òg eit par nydelege solnedgangar. No ser vi fram mot fleire slike, og kanskje fell Hønhalsen denne månaden?
Les heile saka