Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

8,3 kgs laks – årsbeste for Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juli 2016

Årets største laks så langt i sesonger er det Magnus halle Johansen som er mann for. Saman med broren var han i Toåa på laksefiske eit døgn denne veka, og dei to prøva seg på forskjellige plassar oppover elva. I Fosstrøinn tok storlaksen på 8,3 kg på på spinnaren., til stor glede for Johansen som dermed fikk sin første laks for i år og sette ny personleg rekord.

MagnusHalleJohansen_0818_8kg

Spinnaren til Magnus Halle Johansen var for fristande for storlaksen. Foto: Privat

Magnus Halle Johansen ferierer hos familie i Torvikbukt og har saman med bror sin hatt ein runde med laksefiske i Gaula, Surna og rundet altså av med et døgkort i Toåa for et par dager siden. Vekta slo altså ut på 8,3 kg, og laksen var utan lus, så den har nok stått i elva ei stund.

Det blir nok den einaste turen til Toåa i år, men dei to lika elva godt, og kjem nok att seinare. Halle i mellomnamnet antyder at Magnus har todalsgener i seg, og familienavnet kjem fra Hallabakkan antyder han.

Publisert: 21. juli 2016, 23:12