Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

83-åringen kom hit for å jubilere

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juli 2024

Knut S. Johansen var 33 år første gongen ha var i Todalen for å fiske laks. Ein kompis frå Molde tok han med hit for i introdusere Knut for Toåa.  Sia har det vore «fast følgje», og no er det altså 50. gongen han er her.  I år har han ikkje med fiskestange, men er her berre for å jubilere og for å minnast, seier sarpingen.

Første gongen eg var her vart det telting ved Halsabrua – vi leide teltplass av Ola Holmå, der vi hadde basen vår.   Seinare har det vore forskjellige har det vore litt forskjellig innlosjering – leide kårbustaden på Sagtrøa i mange å, og Todalshytta som gjest hos Malling og tidvis har det vore Kvanne Camping. 

Her frå Rauåhølen og nedover til Halsahølen vart det fiska mest, seier Knut. Foto Jon Olav Ørsal

I løpet av alle disse åra så har det vorte over 200 blankfisk – men sjøaure, men også ein del laks. Har mesta berre bruka nedre del av elva til fiske – frå Halsahølen og oppover til Rauåhølen.  Den største laksen er på 3,7 kg, medan rekorden min for sjøaure er 4,2 kg.  Likar best fisken som er på 1-2 kg som er og matfisk.  Eg fiskar omtrent berre med mark og kanskje litt flugefiske, men dei siste åra har det lite fiske. 

– Tysdag er det jubileumsfeiring – da har eg kjøpt inn marsipankake som blir servert i Kaffekroken. Håper at einkvan stikker innom på kake og kaffe denne dagen.  Knut har fått mange venner i Todalen, og han tykkjer det er artig å bli med på debattane i kaffekroken. Tykkjer det er eit tema som har gått igjen heile 50-årsperioden – nemleg Todalsfjordprosjektet. Rart at ikkje  det prosjektet er realisert i løpet av den perioden, humrar Knut.

her står Knut på Brusetbrua og har utsikt oppover mot Ramsøydalan. Foto Jon Oolav Ørsal

Knut har mange gode minner frå Todalen og Toåa – mange av vennene er no borte, men han tek med seg minna vidare.  Som Knut seier, så er det ikkje berre elva og fisket, men også folket og kaffekroken som skaper den spesielle trivselen.

Men no skal det altså feirast – han håper at det kjem folk innom tysdag i 13-tida for da er det altså kaffelag her i Kaffekroken seier 83-åringen

Velbekomme – her vart det servert marsipankake i Kaffekroken. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juli 2024, 05:00