Butikksjef Jan Bjørnebeth og resten av gjengen på Byggmakker Surnadal og på Hageland Surnadal hadde det travelt da dei arrangerte handlekveld for sine kunder onsdag kveld. Med ekstra kveldsope frå 18 – 21 var det mange kundar som tok turen til butikkane som i tillegg til utvida opningstid kunne by på kake og nystekte vaflar til kaffen og mange god tilbod på utvalgte varer.
Mange av leverandørane stilte opp for å informere kundane om sine varer, og det var utruleg stor interesse for å få slik kontakt med leverandørane som sitt på spisskompetanse for sine produkt, seier Bjørnebeth. – Som sagt var det ekstra kveldsope i Surnadal onsdag kveld – på Sunndalsøra, hos Byggmakker Tredal var det tysdag kveld og turen til Byggmakker Bytås er torsdag kveld.
På Hageland var det også kveldsope på onsdag, og der var det meste av juleutstillingane på plass og jammen var det lett å kome i julestemning sjølv om det kanskje er litt tidleg enno.
Byggmakker og Hageland er medlemar i Todalen.no