Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

800 grillspyd til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juni 2018

Den gode dugnadsånda kjem godt med i disse Todalsdagtider.  Førebuingane til Todalsdagen foregår på mange frontar, torsdag kveld var det dugnad i ungdomshuset for å lage grillspyd til Todalsdagen.  Tidlegare denne veka var det dugnad på baneanlegget og fredag kveld er det igjen dugnad for å få alt på plass til Todalsdagen startar på morgonkvisten laurdag morgon.

Fyll fart på grillen under Todalsdagen 2017 – frå venstre lars Stensby, Carsten Bohle og John Moe. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Det dufta godt i Todalen ungdomshus da ein heil gjeng med kokkar var samla for å lage 800 grillspyd som er klargjort for grilling på storgrillen under Todalsdagen.  Elinor Bolme var sjefskokk, og hadde styringa på kjøkkenet – og passa på både kvalitetskontroll og kontroll av hygienerutinar.  Rundt bordet i matsalen vart det først laga grillspyd av marinert lammefilet, så vart det laga i svinefilet og til slutt var det kylling.

Amy er profesjonell på marinade – her blir det velsmakande og eksotisk smak på grillspyda under Todalsdagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalsdagen er viden kjent for sine grilltallerkener, og på denne dagen er det full fart på storgrillen heile dagen. I tillegg til grillspyd i tre variantar er det også vårrullar og vanleg grillmat på menyen. Arrangøren tykkjer det er litt viktig at det bys på ordentlig mat til både store og små når dei er i aktivitet heile dagen.  Første fotballkampen går nemleg i 9-tida om morgonen og siste kampen er ikkje ferdig før i 5-tida. I tillegg er mosjonsløpet «Ræta Opp» pressa inn og det er både loppemarknad og mykje anna på programmet.

Ingri og Jorid deler opp og klargjer kyllingfilet – klart for marinering og grilling. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars Kvendset fann seg godt til rette saman med alle damene. Foto: Jon Olav Ørsal

Eksotisk – før kvelden var omme var det klargjort rundt 800 grillspyd for grillen under Todalsdagen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. juni 2018, 19:04