Det er Nordmøre Forsvarsforening som står attafor Krigsminnemuseet på Åsen. Dei har tilhald i den gamle skulebygninga på Eidet, som nok har sett sine beste dagar – det er faktisk berre så vidt at dei enkle vindua held nordvesten og regnvêret ute. Laurdag arrangerte foreninga den årlege dugnaden, og da var det tid for å flikke på den gamle skulebygninga – både utvendig og innvendig.
Indre Nordmøre Forsvarsforening vart for eit par år sia slege sammen med Ytre Nordmøre Forsvarsforening og vart da til Nordmøre Forsvarsforening, fortel Olav Jostein Holten som er leiar i foreninga. – Vi er no inne i eit generasjonsskifte, og eg er glad for at yngre krefter engasjerer seg i arbeidet som vi held på med her ved Krigsminnemuseet. Den gamle skulebygninga ber preg av at det er mangelfullt vedlikehald, og vi har prata mykje om at vi kunne ønske at vi kunne vore intergrert i Nordmøre Museums sine lokaler som berre ligg eit steinkast unna.

Slåttadugnad – Lars Indreiten driv kanstslått – Olav Jostein Holten og Ivar Vatn. Krigsminnemuseet ligg eit steinkast unna Folkemuseet. Foto Jon Olav Ørsal
Dei siste par åra har vi iallfall fått bekrefta at det er viktig at vi aldri gløymer det som skjedde under krigen. Sjølv om det no er 80 år sia 2. verdskrig slutta, så har vi fått opplever kor skjør freden er – vi trudde vel aldri at det skulle bli krig i Europa igjen, men der tok vi feil. Petter Forberg og Jo Inge Øverland representerer den yngre garde ved museet, og dei er opptekne av kor viktig det er å ta vare på den lokale krigshistoria. Dei har gått i spissen for arbeidet på museet den siste tida. Også dei er opptekne av at tilstanden på den gamle skulebygninga og etterlyser betre lokaler for museet.
– Et anna problem vi slit med i Krigminnemuseet er den stadig pengemgelen. Den fører til at det er vanskeleg å realisere noko prosjekt når vi skal skaffe utstyr til utstillingane og vi taper sjølvsagt kamen om å få tak i nye utstillingsobjekt. Men positivt er det sjølvsagt at yngre krefter engasjerer seg og ser muligheiter til å fortsette arbeidet med utstillingane.
Museet har ikkje noko fast opningstid, men brukar å ha ein open dag i løpet av året – elles er det fleire skuleklassar og andre som avtalar tid for å kome og sjå utstillingane ved museet.

Viktig å ikkje gløyme – det var mange Nordmøringar som deltok i kampane ved Dombås og i Nåverdalen i vårdagane i 1940. Foto Jon Olav Ørsal