Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

8.-plass i Skyracing-VM for Isak

Jon Olav Ørsal Sundag 3. august 2025

Isak sikra seg i dag 8.-plassen i VM i Skyracing i Italia. I konkurranse med eit knapt førtitals deltakarar i sin klassa hamna han til slutt på ein 8.-plass og det er det nok god grunn til å være nøgd med i slikt selskap.  Det var i dag tidleg fellesstart for alle klassar kl 8.15 og det var fine forhold for dagens løp, med temperatur på 15-16 grader.

Dei norske løparane vart gjort stas på under ein seremoni. Foto HD

Løpet gjekk i fjellområdet Gran Sasso, og løypa var på 9 km, og hadde ein høgdeforskjell på 850 høgdemeter frå start til mål.  I dag var det italienske og spanske løparar som trekte det lengste strået og Isak kom altså på ein god 8.-plass i dagens løp.

Resultat lista for menn klasse B med dei 20 beste i klassen.

Isak kom i mål på tida 1:00:14 som er +6:09 etter vinnartida til spanjolen Rovaria Biel Sagues som var suveren og hadde 3:44 betre tid enn Franskmannen Cransac som vart nr 2.  Det er uansett imponerande å klare å hevde seg så godt i slikt selskap.  

Løparane gjer seg klar til løp i startområdet. Foto IK

THE NORWEGIAN YOUTH TEAM 2025 🇸🇯
NSF er stolt over å kunne vise fram det Norske Ungdomslandslaget som skal representere Norge under Ungdoms-VM i Skyrunning i Italia.  Laget har 18 løparar som skal konkurrere i Gran Sasso. Nedafor har vi lista opp dei norske deltakarane som er med – Isak er den einaste som deltek frå Trollheimpen Fjellsportklubb denne gongen. 
 
Youth A Girls:
Anna Kanutte Bruseth
Maria Rutle
Filippa Luther
 
Youth A Boys:
Theodor Holseter
William Voytovich 
Sverre Bjørnesen 
 
Youth B Girls:
Ingeborg Synstnes Hole
Ida Brakstad Orset
 
Youth B Boys: 
Isak Drøpping
Andreas Iversen Lilleskare
Bjørnar Skjeflo Unhjem
Kristian Skjeflo Unhjem 
 
Youth C Girls:
Anna Hungnes Korperud 
Ingfrid Klokset
 
Youth C Boys:
Kristian Moen
Emil Aslaksen Røed 
 
U23 Men:
Oliver Plassen-Brandvol
Jesper Lundin

Dette er ei sterk norsk tropp som gler seg til å konkurrere i høgda i Italia

Frå målorådet – her var det målgaang etter 9 km løp og 850 høgdemeter stigning. Foto HD

Publisert: 3. august 2025, 13:00