Tysdag 8. mars klokka 19:00 markerer Surnadal AP, Surnadal SV og Folkeakademiet den internasjonale kvinnedagen i Surnadal Frivilligsentral sine lokaler på Skei. Lilly Gunn Nyheim, Inger Johanne Iversen og Else B. Andresen, frå arrangementskomiteen, vil leie oss gjennom 8. mars markeringa i Surnadal.
Tale for dagen ved fylkesvaraordførar Line Hoem (AP). Grete Oddny Moen Aarnes kjem og fortel historier og les eigne dikt, medan duoen «Franklind», som består av Frank og Linda Botten, vil bidra med musikalske innslag.
I tillegg blir det uhøgtidleg quiz ved borda, med like uhøgtidleg premiering. Sal av kaffe og kaker.
Arrangementskomiteen håpar at folk, i alle aldrar, tek turen til Frivilligsentralen for ein triveleg kveld på den internasjonale kvinnedagen. Vel møtt!