I desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Surnadal kommune har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai.
Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har derfor i dag lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940. Raymond Grøvdal Hansen frå Nordmøre Folkehøgskule var med og filma kransepåleggingane i eit tidvis ufyseleg vêr som utfordra både bilde- og lydopptak.
Etter turen til Åsskard, Todalen og Stangvik kyrkje, vart markeringa avrunda i Surnadal kulturhus der ordførar Margrethe Svinvik tala og Stig Cato Magnussen offentleggjorde tildelinga av «Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar» til Torbjørn Ellevset for sin innsats i Jugoslavia mellom 1994-96

Ellevset vil få medalje si overekt ved ei seinare anledning.
Under er den 25 minutt lange minnemarkeringa.