Handelsmann Nordvik inviterte til sjakk på Matkroken – rett og slett ein heilt uformell sjakk-kveld, berre for å spele mot kvarandere. Det er ei lita oppfølging av sjakkturneringa som vart arrangert i fjorvinter og med finale i ungdomshuset.
Det var ikkje noko stemning for å lage liknande turnering i komande vinter, men derimot var stor stor interesse for å ha samlingar i Kaffekroken på butikken og berre spele kampar mot kvarandre. Slike kveldar blir det nok meir av utover vinteren, og vi på Todalen.no kjem til å legge ut info om kva kveldar som er aktuelle.
Søndags kveld var det 8 fremmøtte, og da vi var innom ein snartur var 4 kampar i gang og full konsentrasjon. – Og til pausen stod det og venta ei flott blautkake til kaffen, og det var vel belønning for frammøte.