Dagens stavgangtur gikk frå Rabbleet på Nordvik og utover til Haltbakkan, og hadde rekordarta deltaking med rundt femti i talet, og deltakarar i alle aldrar.
Med på dagens tur hadde vi elevar frå Helse og oppvekst (HO2) ved Surnadal vidaregåande skule som ekstra turfølge. Vi hadde flott vêr under turen og somme gjekk langt og somme kort – etterpå var det triveleg kafferast i Forsamlingshuset på Nordvik. Stavganggruppa helsar stor takk til Surnadal vidaregåande som gjorde turen ekstra triveleg.