Laurdag stod I.L. Søya som arrangør av sonerenn på Vang Skiarena, og samla heile 76 deltakarar i dei yngste klassane. Arrangementet var velsigna med finvêr og som venta var det yngste klasse – 8 år og yngre som samla flest deltakarar med 48 som fullførte den 500 meter lange løypa.
Det var og bra deltaking i klassene 9-12 år, men kun ein deltakar i eldre klassar. Det har nok si forklaring i at dei skal delta i langrenn i Rindal på søndag. Nedafor har vi lagt ut deltakarliste for klasse 8 år og yngre og resultatlister for klasse 9 år og eldre.