I dag kom det litt uventa besøk til Todalshytta – TV-Norgeserien «71 grader nord kjendis» er i området for å gjera opptak til serien som skal sendast til hausten. Sjølvsagt er det hemmele både kva dei held på med og kven som er deltakarar. Vi veit berre at det er 12 deltakarar og at dei kom til Stangvika i går og har overnatta der til i dag.

Oppgåver på vegkanten – kart og oppgåver markert med flagg og litt ekstra vekt å ha i sekken. Foto Jon Olav Ørsal
I dag har turen gått vidare til Todalen, og dei skal kome hit i løpet av kvelden, seier programleiaren Tom Stiansen som vi trefte på Todalshytta no i kveld. Arve Evensen, som er vertskap på Todalshytta kjem nok til å fylle huset i natt, og får det nok travelt med å lage frukost til både deltakarar og crew i morgon tidleg. Middagen i kveld skal deltakarane lage sjølve, og det eer Real turmat som dei lagar i ein fart.
Kvar turen går i morgon det veit vi ikkje -men det blir vel nokon som får uventa besøk i løpet av morgondagen. Får berre håpe at deltakargjengen får litt betre vêr i morgon enn det som yr.no har bydd på i dag. Dei treng nok å kome i hus for å få i seg varmen igjen etter ein dag i det kalde regnvêret.