Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet: – Vårsøgkonsert i sommarkvelden

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mai 2018

Vårsøghelga avslutta ei omfattande program med konserten med Engegardskvartetten i Svinviks arboret i går kveld. Det var bra med folk som møtte på konserten i arboretet, og dei kunne kose seg i sommarkvelden med både song og musikk.

Programmet starta med strykarar frå kulturskulane i Sunndal og Indre Nordmøre som opptredde med eit fellesprosjekt. Dei vart akkompagnert av Erik Moen på Gitar og Trond Larsen på kontrabass. Dei spela ei pariserpolka etter Geir Larsen og «Juniorvalsen» etter Gjermund Larsen, og var under musikalsk leiing av Synnøve Hammervold.

– Vidare var det eit innslag med «Give Me 5», der Anne Kleivset og Torgeir Bitnes saman med ei tropp med 5.-klassingar. Med «No vil vi søng» og fekk i tillegg være med og avslutte programmet i eit samspel med Engegårdskvartetten og Henning Sommerro, og «Såg du noko te kjerringa mi» stod på programmet.

Engegårdskvartetten – som består av Arvid Engegård (fiolin), Alex Robson (fiolin), Juliet Jopling (bratsj) og Jan Clemens Carlsen (cello), spela to klassiske nummer – Griegs E-mollkonsert og eit verk av den finske komponisten Olli Mustonen.

Give Me 5 – 5.-klassingar frå Surnadal saman med Anne Kleivset og Henning Sommerro

Engegårdkvartetten bydde på Griegs e-mollkonsert og på musikk av Olli Mustonen.

Henning med trekkspellet – henning sommerro var kveldens konferansier under konserten i Svinviks arboret. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mai 2018, 08:07