I dag har det vore rydda i kvistdungane nedover ved ekrekanten i Slåttøya ved Toåa Tursti igjen. Per Åke Jakobsson og Carsten Bohle har kutta opp ca 60 kubikk med flis på nokre ettermiddagstimar fra dugnaden tidlegare i fjor haust. Veret har vore litt stabilt vått den seinare tida, så dei har ikkje hatt anledning å gjort ferdig jobben dei starta før jul. Men med dagens økt ser dei enden, og reknar med at dei klarer å rydde i all kvisten med ein runde til når vêret stabiliserer seg etter den meldte snøen som kjem i morgon fortel dei. Totalt har dei produsert 140 kubikk som kjem sauene på Gjeldnes til gode.
Ellers er no alle søknadar i forbindelse med både forhandsgodkjenning hos kommunen og tippemiddelsøknad til fylket innsendt, fortel Michal Heimlund som har «syssla» med dette over fleire månader. -No er det berre å vente til februar for å sjå om fylket har noko å påpeike på tippemiddelsøknaden. Om dei har det vil vi få frist til mars for å utbedre den. Endelig tildeling er i juni. Om vi ikkje får tildelinga i år, kan vi søke på nytt neste år, men vi håper naturleg vis at søknaden går igjennom på første forsøk seier han.