Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

60 år – og feiring med blautkake…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. januar 2016

Per Gjeldnes – eller «Per Gravar» i dagligtale – ante nok fred og ingen fare da han stakk innom Matkroken i dag. Noko feiring av 60-årsdagen hadde han ikkje lagt opp til, men Terje N. hadde ordna seg med både blautkaker og gåve. Dermed vart det feiring med kaffe og blautkake til ein fullsett kaffekrok – og kanskje i overkant med styr og ståk etter jubilantens meining.

Så vart det blautkake og kaffe til heile gjengen i Kaffekroken! Foto: Jon Olav Ørsal

Det enkle er ofte det beste – og sjølv om det var 60-årsdag og litt jubileumsfeiring, hadde nok Per tenkt seg ein tur på verkstaden på SIAS for å drive litt vedlikehaldsarbeid, slik at utstyret er klart når kvardagen melder seg etter nyttårshelga.

Vi gratulerer med 60-årsdagen!

 

Publisert: 2. januar 2016, 13:55