Etter vel eit år med berre fem mann i brannvesenet i Todalen, er no ein ny mann ansett og korpset er fullbemanna igjen. Anders Ansnes Karlsen er no frå 1. april klar til å rykkje ut ved brann og andre nødvendige oppdrag. For ein brannkonstabel er ikkje riktig som det var før i tida. No har brannmannskapet også ansvar for eigen hjartestartar, som er registrert hos AMK. Blir det derfor meldt om behov for det til 113, kan brannmannskapet bli varsla med utrykning for å bistå til ambulansen kjem.
Anders har derfor så smått byrja med opplæring for å kunne delta på lik linje med dei andre 5 karane. I kveld var han på sin andre runde i brannstasjonen på Kvendset, med opplæring i førstehjelp og bruk av hjertestartar saman med utrykningsleiar Ivar Bolme. Det er mykje å setje seg inn i, men Ivar reknar med at han kjem fort inn i det. Allerede neste veke har vi vår første ordinære øvelse med slangar, pumper og test av øvrig utstyr ette vinteren. Seinare i vår skal vi alle saman gjennomføre PLIVO kurs. PLIVO står for pågåande livstruande vold, der vi får veiledning i kva vi kan bistå med i slike situasjonar der politiet er for langt unna ved spesielle behov, fortel Ivar. Dette er komme i etterkant av 22. juli og hendelsen i Lærdal for ei tid tilbake.
Første opplæringskveld gjekk med på å setje seg inn i bruk av varslingssystem og dei ulike finessane med utrykningsbilen.