Vi har fått ein e-post frå Ragna Kvendset, der ho helsar og gratulerer med samefolkets dag. Ho skriv:»I dag er det 96 år sidan føregangskvinna Elsa Laula Renberg frå Hattfjelldal, var med å arrangerte det første Samiske Landsmøtet i 1917 i Trondheim. Vi her på Nordmøre har og ei samisk historie.
Vi har til og med ei eiga samisk dialekt i Surnadal med å rekna på samisk, som har stor likskap med sørsamisk: Ein – to – tre, Surnadal; okti – kokti – kal, Sør-Samisk; akte – göökte – golme. Her er linkar om samisk historie på Nordmøre og i Sør-Fosen.» Mange stadnamn som inneheld «Finn» eller «Lapp» tyder også på at det kan finnast gammel samehistorie mange plassar her omkring, slik du kan sjå på kartet nedafor.