Denne veka har fjorårets resultat av Grasrotandelen vorte publisert. Heile 649 millioner kroner vart sendt til ut ulike lag og organisasjoner landet rundt, 194 millioner meir enn i 2017. Vi har teke ein titt i listene, for å sjå kva «våre» lag og foreningar i Todalen har fått i form av den lovfesta 7% av spelarinnbetalingar til Norsk Tipping sine spel.
I følge listene var det litt overraskande at kun to lag frå Todalen mottok utbetalingar denne gongen; Todalen IL og Todalen sanitetsforening. Men dei hevdar seg godt blandt resten av mottakarane i kommunen med både antall registrerte spelarar og utbytte i kroner. Til saman får dei oppunder 56 500 kroner.
Grasrotandelen er at en spelar hos Norsk Tipping kan bestemme at sju prosent av speleinnsatsen skal gå til eit lag eller organisasjon som er registrert i Frivillighetsregisteret og som godkjent som grasrotmottakar.
I følge Norsk Tipping si heimeside blir mange utbetalingar avvist når dei skal utbetale Grasrotandelen tre ganger i året; 1.januar, 1.mai og 1.september. Ein enkel og litt unødvendig grunn til dette kan være at bankkontoen som er registrert på organisasjonen er endra, og det har vorte gløymt å legge inn nytt kontonummer.
Har du ikkje sett opp tippekortet ditt med grasrotamdel, kan du enkelt gjere det på NorskTipping.no eller hos din lokale kommisjonær. Det er gratis å være grasrotgivar, og det går heller ikkje utover din speleinnsats eller vinnersjansar.