Formannskapet i Surnadal kommune har no i møte frå 24.4.12 bestemt å bevilge 539 000 kroner til opprusting av Todalen oppvekstsenter i forbindelse av at heile elevflokken frå Stangvik oppvekstsenter skal gjennomføre skuleåret 2012/13 her i Todalen. Bakgrunnen for denne flyttinga er totalrenoveringa av Stangvik opppvekstsenter til ca 15 millionar kroner.
Vurderinga til formannskapet er som følgjande i følge saksdokumenta: «Kva som vil skje med skulebygget i Todalen på litt lengre sikt er enda uavklart. Forskuvinga av prioriteringane i Skulebruksplanen gjer at Todalen skule først kjem inn i 2015. Bygget er gamalt, har mykje eternitt og har eit alt for stort areal for elevtalet det ser ut til å bli i framtida. Samtidig er barnehagen i Todalen liten, og med svært stor auke i talet på småbarn, burde den ha fått meir areal. Så langt har ein snakka om at ei løysing kan vere å rive den eldste skuledelen, og bygge på skuleareal på barnehagebygget. Dette kan gi rom for betre utnytting av areal, sambruk av fellesfunksjonar og personale. På bakgrunn av dette, vil ikkje rådmannen tilrå å bruke mykje midlar på skulebygget i Todalen, men gjere det som må til for at bygget og uteområdet vil fungere forsvarleg etter gjeldande reglar og forskrifter.»
På bakgrunn av denne vurderinga har dei berørte partar teke runden på skule, barnehage og uteområde for å komme fram til dei mest nødvendige tiltaka. Under er oversikta over korleis pengane er tenkt disponert:
- Lydisolering av gulv 2. etg 87 800
- Brakkeleie (11 mnd) 55 000
- Montering av brakker inkl. fundament 20 000
- Frakt av brakker 14 520
- Brannvarslingsanlegg 85 000
- Gjerde/uteområde 30 000
- Div. arbeider (Kjøkken, rørgjennomføring, etc.) 30 000
- Rep av uthus ved skole 20 000
- Nytt lager/utesovepl. ved barnehage, grunnarbeid, fundament 44 000
- Nytt lager/utesovepl. ved barnehage, byggesett og montering 102 500
- Div. uforutsatt 50 000
Dette er tal som ligg ute på Surnadal kommune sine sider, og ønsker ein å sjå heile saksframstillinga kan ein sjå her. Todalen.no har i dag vore i kontakt med både leiar i FAU ved Todalen oppvekstsenter, Turid Sæther, og rektor ved oppvekstsenteret Dordi Jorunn Halle for å få informasjon om saka. Men ingen av dei to skal være informerte av kommunen enda.Her kan du sjå kva Driva skriv om saka.